fbpx

Til Barnets Beste

Riksteatret presenterer

Til barnets beste

Alle born har foreldre, men ikkje alle får vere mamma eller pappa for borna sine 

Gørild Mauseth er ein av dei mest uredde og fargerike skodespelarane vi har her i landet, og sist ho gjesta Riksteatret var i tittelrolla i Anna Karenina – kjærleikshistoria som òg handlar om mora som vert nekta samvær med barnet sitt. Når Gørild no er tilbake, er det i ei brennaktuell framsyning basert på sanne historier frå dagens Noreg, der temaet er det same.  Det handlar om mammaer og pappaer som ikkje får vere saman med borna sine så mykje som dei ønsker, og i Til barnets beste skal både borna og dei vaksne få komme til orde.

Det finst born i Noreg i dag som får sjå lite eller ingenting til den eine av foreldra etter eit samlivsbrot. Det finst foreldre i Noreg i dag som bruker det meste av krefter og ressursar på å få tilgang til barnet sitt. Om vi ikkje sjølve høyrer heime i ein oppløyst familie, kjenner vi fleire, og gjerne i den nærmaste krinsen vår.

-Eg håpar at denne framsyninga kan vere med å skape debatt, stille spørsmål og engasjere både unge, vaksne og eldre til å gå i seg sjølv og bidra til å vere med på at vi kanskje kan få det betre i framtida, seier Gørild Mauseth.

 

Med Gørild Mauseth. Av Aslak Moe og Gørild Mauseth. Regissør Aslak Moe. Scenograf Milja Salovaara. Lysdesignar Elisabeth Kjeldahl Nilsson. Ein Riksteater-produksjon.

Speletid: 1 time og 30 min (ingen pause)

Praktisk informasjon

Skip to content